Søndag 1. september kl 12 kan du vere med Sula sin ordførar Turid Humlen på familietur til Leirvågfjellet, der det også er Stikk UT!-post. Dette er ein flott tur på god sti og med fantastisk utsikt 🤩Les meir om turen her: https://morotur.no/tur/Leirvaagfjellet
Turen er open for alle, ordførar vil leie an og avslutte med ein Sula-Quiz.
Etter fjellturen vil Sunnmøre friluftsråd og Langevåg Røde kors stille med aktivitetar og Solevåg Helselag i samarbeid med Sula Sportsklubb, gjer oss noko å drikke og bite i på Sundsmyra. Det kan vere glatt i løypa over fjellet så vi oppmodar til gode sko, og klede etter vær. Vi håper at dykk i alle aldrar vil bli med oss på lang eller kort tur! Dette blir kjekt 😀Velkommen!