Go Norsk Friluftsliv to main content
04. sep. 2024

Tur 2 – Ystaneset, Stolmen

Image
IconSted
Sandvikvåg
Austevoll
Icon Tid
Kl. 08.30 - 14.00
Icon Arrangør
Stord-Fitjar turlag
Icon Kontaktperson
Tur til Ystaneset på Stolmen

Ferje frå Sandvikvåg til Husavik/Austevoll kl 0930. Kjører samla i bilar frå Vabakkjen kl 0830.

Turen startar i Sætrevik på Nordvestsida av Stolmen. Området me skulle gå i var ein del av utmarka til folk på Hevrøy ,her hadde dei kyrene sine på sommarbeite, og rodde over morgon og kveld for å mjølka.

Me går langs dei gamle murane etter stølshusa , gjennom gamalt kulturbeite , her står også nokre store flotte steinmurar som eit minne om farne tider.

På rundturen gjennom Ystaneset passerte me og dei gamle torvtaka der folk på Hevrøy henta vinterbrensel . Og her er me i villsauen sitt rike.

Bruk gode sko. Middels tur, noko kupert terreng.

Kjentmann: Jarle Hevrøy

Turleiar: Otto Holm, mob. 403 10 939

Retur med ferje på ettermiddagen.

Icon Oppmøtested