Voldaspeidarane slår leir på Årneset og inviterer alle born frå 3. klasse og oppover til ein aktivitetsdag. Der kan du være med på forskjellige speidaraktivitetar, leikar og lagar mat på bål.
Alle som vil bli med på «Natt i naturen» frå laurdag til søndag kan få sove i ein av lavvoane våre, eller ta med seg eige telt. Vi vil gjerne at dei yngre har med seg ein føresett på det.
Vi kickstartar med dette ein ny speidarsesong, og håpar på mange nye speiderar frå hausten av! Kan du tenke deg å begynde på speidar? Meld deg på via lenka nedanfor.
Det blir først til mølla, og gi oss gjerne ein headsup om du er ein føresett som kunne tenke deg å bidra litt 🙂