Ta av til Ringdal, skilta ca 2 km før du kjem til Hellesylt sentrum. Vi køyrer 5 km på bomveg til Ringdalstølen. Herifrå er det skilta mot Skruven.
Vi går først innover Tverrdalen for så å gå heilt opp i inngangen til Russadalen. Vi går opp nord for aust-egga på Lisje-Skruven.
Er vi heldige med snøforholda kan vi nå opp til egga like nord for Lisje-Skruven utan å krysse breen. Her kan vi gå langs egga mot toppen av Skruven. Frå toppvarden her har du eit av dei beste utsiktspunkta i Sunnmørsalpane!