Go Norsk Friluftsliv to main content
04. sep. 2024

Seniortur - Fønderdalen

Mer informasjon
Image
IconSted
Sundal
Kvinnherad
Icon Tid
Kl. 09.00 - 16.00
Icon Arrangør
Kvinnherad Turlag
Icon Kontaktperson
Frå parkeringsplassen på Bondhus går vi på grusveg inn til Bondhusvatnet, 187 moh. Turvegen frå Sundal til Bondhusvatnet har ei svært spanande historie. Den 2,3 km lange grusvegen er i god stand. Den snor seg langs elva, mellom ruvande fjell i vakkert kulturlandskap. Vi går vidare på steinsett sti inn langs vatnet til elva som kjem frå Fønderdalen, Pyttelva. Etter å ha kryssa elva på bruer, tek vi bratt oppover mot «den grøderike dalen», Fønderdalen, Der det flatar ut, tek vi ein avstikkar til Hovden, 650 moh. Der får vi eit veldig flott utsyn bort mot det som er att av Bondhusbrea før vi fortset innover og ned til Fønderdalsvatnet 590 moh. og stølen der vi tek matpausen vår.

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 

Icon Oppmøtested