Turane leiast av sertifiserte turleiarar og er eit fantastisk tilbod for å kome deg ut på vatnet i trygge omgjevnadar. Vi padlar ut til forskjellige øyer i skjergarden og tar ein pause i land undervegs. Ta med deg det du ønsker - f.eks. ein matbit og kaffi. Husk tørre klede og lys (hovudlykt på den tida det er aktuelt). Du må vere påmeldt på førehand for å delta pga. sikkerheitskrav frå DNT.
Oppmøte
Turane har oppmøte normalt kl.17.30 (vi skal være klare til padling kl.18.00) og varar 3 - 3,5 timer. Dei som ikkje er klar for padling kl. 18.00 vil kunne bli avvist for at ikkje gruppa skal bli hindra, så vær ute i god tid. Oppgitt frammøtestad på nettsida kan endrast. Endeleg frammøtestad blir annonsert på vår Facebookgruppe 2-3 dagar i førevegen og på nettsida. Dette for å vurdere vêrforhold så tett opp til arrangementet som mogeleg i tilfelle vêret gjer at vi bør droppe det planlagde padleområde og velje eit alternativt startsted. Hos oss er alltid sikkerheit hovedfokus.