Go Norsk Friluftsliv to main content
06. sep. 2024

Langs veglause og fråflytta gardar på nordsida av Åkrafjorden

Mer informasjon
Image
IconSted
Icon Tid
Icon Arrangør
Kvinnherad Turlag Bergen og Hordaland Turlag
Icon Kontaktperson
6.-8. september Åkra-Eikemo.Langs veglause og fråflytta gardar på nordsida av Åkrafjorden.

Fredag kveld samlast eit knippe spreke vandrarar i Åkra som er kyrkjebygda i Åkrafjorden. Her får me servert god middag og overnattar på skulen i bygda.

Laurdag morgon får me skyss med ei fin, gamal treskøyte til den veglause garden Kvandal. Der startar vandringa vår. Turen går langs ein gamal smal bygdeveg, forbi dei fråflytta gardane Hammarsland, Strond, Bjelland, Eintveit ,Djuve og Tøsseteigen. Enkelte stader er vegen berre ein sti.

Me går gjennom vakkert kulturlandskap som syner korleis folk har arbeidd og streva i tidlegare tider. Husa og gardane er velhaldne. Folk som budde i fjorden var glade i plassane sine.

Etter Djuve passerer me Tøsseteigen. Den kjende jødiske forretningsmannen Moritz Rabinowitz låg ein periode i skjul her i 1940.

Siste etappe mot Eikemo-land går på sti i kupert terreng.

Overnatting: Her nede ved sjøen (Eikemo) skal me overnatta i eit nyrestaurert sjøhus tilhøyrande garden Tøsse. Dette var i si tid ein bøkkarverkstad. Laurdag kveld er god og kortreist middag vel fortent.

Søndag morgon ryddar me etter oss og går deretter dei 3 kilometrane opp til Eikemo. Eikemo er den einaste garden med fastbuande langs ruta vår. Garden var i si tid med i programmet «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

Siste etappe går med skøyta tilbake til Åkra.

Turen er middels til krevjande. Laurdag er distansen om lag 9 kilometer.

Håpar du vil vera med på denne vandringa.

Turleiarar er Lars Hole og Gunnlaug Vågen Tjelmeland.

Icon Oppmøtested