Ein fin kveldstur til Kyrkjesteinen (425 moh) .Er ein stor stein som ligg på eit platå/flate over Aksland og Gjelmarvik på Skånevikstranda. Her er det flott utsikt over Sunnhordalandsbassenget. Kortaste ruta opp er frå Molnes. Her går ein først på traktorveg forbi Mortveitvatnet før ein tar av over bekk og går over på tydelig sti.