Go Norsk Friluftsliv to main content
07. sep. 2024

Kulturminnetur Flatekval til Farestveit

Mer informasjon
Image
Icon Tid
Kl. 10.30 - 16.00
Icon Arrangør
Vaksdal Turlag
Icon Kontaktperson
Turen er del av program for Kulturminnedagene, som vert markerte i Vaksdal Kommune. Vaksdal Turlag inviterer til tur over fjellet frå Flatekval i Eksingedalen til Farestveit i Modalen. Frå Farestveit får me skyss med Veteranbussen attende til Flatekval. Der vert det servering og kulturprogram i Grendahuset Ljosheim.

Om turen: Stien startar ved Dalastova på Flatekval. Det går bratt oppover lia, men stien tydeleg og lett å gå. Ein gjer fort unna mange høgdemeter. Like før ein når toppen, passerer ein Likhaugen. Stadnamnet Likhaugen fortel om den tida då dette var første etappe når dei skulle bera dei døde over til gravplassen i Modalen. Etter ei kneik til rundar ein høgda og ein kjem til Steinsetra. Der ser ein innover det vakre landskapet ved Storavatnet (656 moh). Her vert det nistepause. Ved Storavatnet har Modølar og Eksingedølar møttest på ulike stemne, og det får turdeltakarane høyra litt meir om. 

Icon Oppmøtested
Grendahuset Ljosheim på Flatekval klokka 10.30. Derifrå går me i samla flokk til Dalastova.