Go Norsk Friluftsliv to main content
31. aug. 2024

Kom deg ut- Dagen ved Pollaneset

Mer informasjon
Image
IconSted
Haugland
Fjaler
Icon Tid
Kl. 11.00 - 12.00
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Icon Kontaktperson
Sarah Bøgh Meling
bt.fjaler@dnt.no
om og bli med på årets siste kom deg ut-dag med Barnas turlag Fjaler!

Barnas turlag Fjaler arrangerer tur kommande laurdag, den 31.august til Pollaneset på Haugland.Vi startar turen kl.11.00 i samla tropp frå parkeringsplassen ved Bekkerhuset. Dersom det ikkje er plass på parkeringsplassen ved Bekkerhuset, kan ein parkere ved Hauglandsenteret. Vi planlegg å gå heile runda, men har ein pause på Pollaneset der vi får tid til å leike, prate og grille pølse. Barnas turlag spanderer ei pølse i brød/lompe med ketsjup og sprøløk til dei som er med på turen, men ta gjerne med anna niste og noko å drikke sjølv. Det er meldt opplett denne dagen, men etter lang tid med nedbør kan det vere vått og derfor godt med eit sitjeunderlag i sekken.

Vi håpar mange vil vere med oss på tur! 

Icon Oppmøtested