Go Norsk Friluftsliv to main content
07. sep. 2024

Hyttetur "light" til Vending med Klart det går

Mer informasjon
Image
IconSted
Knarvik
Alver
Icon Tid
Icon Arrangør
Nordhordland Turlag
Icon Kontaktperson
Velkomen til 'Hyttetur light' med DNT tilrettelagt i Nordhordland Turlag. Vending turisthytte ligg nydeleg plassert ved Vendingstjørn i fjellet mellom Bergsdalen og Kvamskogen, i lett terreng fra Hamlagrøosen i Bergsdalen. Vi bereknar å bruke mellom 4-5 timer på turen.

Oppmøte og kjøring: Felles køyring frå Knarvik kl 08:30. Det blir mogleg med stopp og toalettbesøk i Dale. Turstart ca. kl. 10:30 fra parkeringsplassen ved Hamlagrø. Turlaget disponerar 15 parkeringsplassar ved Hamlagrø. Avgift 60 kr pr døgn.

Turbeskriving:
Dette er ein tur korvi legg opp til eit roleg tempo med litt fleire pausar undervegs enn typiske andre organiserte turar. Stien og bratthetsgrad er overkommeleg også for deg med dårlege kne, smerter i musklar og ledd. Det blir med fleire turleiarar som vil hjelpe til undervegs. Turen er 6 km éin veg og går i ulendt terreng men på god sti, utan alt for mange lause stein. Les meir om Vending turisthytte her.

Pris: 680,- for medlemmar, 1080,- for ikkje-medlemmar i DNT. I avgifta får deltakarane dekka overnatting, middag, proviantuttak frå hytta, turleiing og lett underhaldning av krydra slag.

Ta med: Lakenpose/sengetøy/sovepose, gode fjellsko og turtøy, lommelykt, innesko. Ta også med mat til turen inn til Vending.

Icon Oppmøtested
Felles køyring frå Knarvik kl 08:30.