Go Norsk Friluftsliv to main content
01. sep. 2024

Historisk vandring langs Allmenningsvegen mellom Ulvik og Granvin

Mer informasjon
Image
IconSted
Icon Tid
Kl. 10.00 - 17.00
Icon Arrangør
Ulvik Turlag Bergen og Hordaland Turlag
Icon Kontaktperson
Historisk vandring på Allmenningsvegen

Ulvik Turlag i samand med Granvin turlag og kyrkjesokna i Ulvik og Granvin invitera til ei ny historiskvandring på Allemenningsvegen. Denne gongen går me frå Ulvik til Granvin.

Mykje folk har vandra denne vegen som var hovudvegen mellom Ulvik og Granvin før vegen over Espelandsdalen vart bygt. Prestane som budde i Ulvik nytta vegen som "pendlar-veg" når dei skulle til Granvin for å halde gudsteneste, men ikkje alle var ute i godt ærende. Stortjuven Gjest Baardesen skal og ha teke turen over Allmenningsvegen med sylvtøy han stal i Ulvik.

Fleire historiar om folk og liv lang vegen får du om du blir med på tur, hald av datoen. Meir informasjon om sjølve turen kjem, og påmelding opnar 30 juni.

Icon Oppmøtested
Ulvik kyrkje, se stedsbeskrivelse.