Go Norsk Friluftsliv to main content
30. aug. 2024

Guida tur på laksagiljo Vikaberget – ei unik oppleving – Kulturarvfestivalen i indre Vestland

Mer informasjon
Image
Icon Tid
30. aug. 2024
Kl. 00.00 - 00.00
Icon Arrangør
Anne-Lise Leiren Mastervik
Icon Kontaktperson
Anne-Lise Leiren Mastervik
48197024
annelise@bygdasjarm.no
Autentisk, sjarmerande, sanseleg, smakfull, ei heilt unik og historisk oppleving.

Når du blir med meg på dette eventyret vil du få med deg herlege lokale smaksopplevingar.


Alt etter tilgang på råvarer vil det variere kva som vert servert. Men garanterer røykt laks, produsert etter gamle oppskrifter, slik bestefaren min gjorde det og slik far min gjer det i dag.


Og du: Her snakkar me kvalitet på produktet med pallplassar i NM!
Du finn oss «midt i smørauga» og ein liten avstikkar på Dalseidet mellom Bergen og Voss. Dersom du kjem med bil: Her køyrer du langs fjorden på Fv569. Etter ca15 min kjem du til Stamnes skule. Her møter eg deg vinkande i vegen. For vinke, det gjer me på bygda!

Herifrå går me nokon hundre meter langs vegen, som er bygd med handmakt og til laksgiljo. Me tek oss god tid, for det gjeldt å nyte både tid, natur, kjensla av ro, stillhet, årvåkenhet og spenning.

Frå gilja går me ned til nothuset. For mange er turen ned til nothuset eit av høgdepunkta der meistring står sentralt.

Her kjem du heilt ned til sjøen og naturelementa er tett på.

Laksagiljo og sitjenota var ein heilt særeigen måte å fiske etter laks og årje (ørret) på. For dei måtte sjå laksen med auga for å kunne fange den.

I dag står gilja der på berghylla 20 m over sjøflata, som eit tydeleg symbol på ein kultur og ein kulturarv som er heilt særegen, i eit område som er ein del av UNESCO Biosfæreområde Norhordland.

For dei som vil kome med båt så er dette fult mulig. Eller kajakk om du vil. Eit eldorado å kajakke oppover eller nedover Bolstadfjorden, Veafjorden og det flotte fjordsystemet me har.

PÅMELDING OG PRIS

Trykk gjerne skal, interessert og del innlegget, men påmeldinga vert fyrst registrert ved å senda ein mail, sms eller rett og slett ringja for ein liten prat

Icon Oppmøtested
Vikaberget