Go Norsk Friluftsliv to main content
31. aug. 2024

Gratis omvisning ved steinalderbuplassen Skipshelleren for barn, unge & familiar – Kulturarvfestivalen i Indre Vestland

Mer informasjon
Image
IconSted
Icon Tid
31. aug. 2024
Kl. 10.00 - 17.00
Icon Arrangør
Anne-Lise Leiren Mastervik og Evy Beathe Kvamme
Omvisarane våre tek til vanleg imot skuleklassar, men i disse dagar er det open for alle som vil komme – gratis.

Det er ein heilt spesiell stemning på den gamle steinalderbustaden ved fjorden. Lar du berre stilla synka litt inn, kjem tankane kring alt det som eingong har gått føre seg her. Dei eldste funna på den gamle fangstplassen skriv seg 7000 år tilbake i tid.

Sjølve hellaren er imponerande i seg sjølv, 30 meter høg og med eit dropefall på 15. Nede ved fjorden er det satt opp eit grindbygg – tusenårsbygget til Vaksdal kommune – og laga til med toalett, gruer og benkar. Her er det fint å setja seg nedpå og la tankane flyge, medan borna kan sleppa seg laus i leiken.

Skipshelleren på Straume var fangstbuplass frå forhistorisk tid, utgravingar har avdekka eit opp til 1,70 meter tjukt lag med rester etter bosettning under helleren. Dei siste spora er frå steinalderen, med betydelege mengder redskaper og rester etter dyreknokler. Det rike fiske- og dyrelivet i fjorden, saman med plante og dyrelivet på land er den viktigste forklaringa på at folk valgte å busette seg under hellaren.

Icon Oppmøtested