Turen går i eit flott turområde som truleg få kjenner frå før.
Vi parkerer evt. nokre bilar utanfor Rørlegger Brager i Skammestein, og kan samkjøre innover (bomveg) forbi Javnstølane og Øysterlie. Oppe på flata kort etter kjører vi rett fram, for vi skal inn til stølane i Sørre Skreddalen. Muleg å parkere her (ikkje steng innkjøringar).
Turen startar på god sti rett nordover og til topps på Godtumen (1414 m). Ca. 250 høgdemeter hit. Herifrå flott utsyn i alle retningar, mellom anna mot Skaget rett i aust, Vinstre i nord og Jotunheimtindane i vest. Vidare er det ingen klar sti, berre dyretråkk vestover ryggen til toppen på Fagerdalsknatten (1397 m). Derfrå går vi litt mot nord for å få det mindre bratt og steinete ned mot det vesle tjednet nede i dalsøkket. Så oppover att og bort til høgste, vestre del av Skreddalsfjellet (1398 m). Minst like flott utsyn her, spesielt mot vest. Undervegs noko tydelegare tråkk på nordsida av tjedn 1366 m (inntekna på kartet, men er heilt attgrodd)! På heimveg fylgjer vi sti på sørsida av «tjednet», og held utover den vide ryggen søraustover i retning mot Sørre Skreddalen. Her er det ein del små vardar, og tidvis ganske tydeleg tråkk/sti ned til stien mellom Nørre og Sørre Skreddalen, og så langs denne bort att til bilane. Turen tek ca 3 t i gåtid, gode pausar kjem i tillegg.