Go Norsk Friluftsliv to main content
03. sep. 2024

Fottur til Fjellenden via Kringelstølen m/Seniorgruppa

Mer informasjon
Image
IconSted
Aurdalsåsen
Nord-Aurdal
Icon Tid
Kl. 10.30 - 16.00
Icon Arrangør
DNT Valdres
Icon Kontaktperson
Opplev storslått utsikt frå nest høgaste punktet på Aurdalsåsen

Frammøte på Shell på Fagernes kl. 09.30. Dei som ønskjer å møta sør for Fagernes, avtalar det med turleiar når dei melder seg på turen.  Vi legg opp til samkøyring via Aurdal. Der frå følgjer vi Danebuvegen til like før bommen ved Storstølen eit lite stykke etter avkøyringa til Danebu kongsgard.

Turen er ca 10 km og følgjer for det meste tydelege stiar. I tørt ver er det få våte parti. Stien ned frå Storstølfjellet går likevel gjennom eit svært fuktig parti. Oppe ved Fjellstølfjellet må vi forsera ei mindre steinur.  Ta omsyn til dette ved val av skor. Høgdeskilnad mellom lågaste og høgaste punktet er på vel 160 m. Det er mange mindre stigningar, men ingen er spesielt bratte og farlege.

Icon Oppmøtested
Shell på Fagernes kl. 09.30