Fantastisk tur til Vatnane, Fagerdalsnipi og Torskanesgluvra mellom Arnafjord og Finden. Dette er ein krevjande tur, men i fint vær er det ein fantastisk tur. Me må ta atterhald om veret. Dette er ikkje tur i tungt regn og skodde. Ved dårleg ver så er eit godt alternativ at vi går til Vatnane og vidare til vestenden av Vatnavatni for god utsikt til Finnabotn.