Oppmøtestad og oppmøtetid: Informasjon om dette får du dagen før eller samme dag av betjening på Fannaråkhytta.
Tid til breen: Turen frå Fannaråkhytta til avtalt oppmøtepunkt tek rundt ein time. Rådfør deg med vertskapet på Fannaråkhytta om kor lang tid du bør beregne.
Frå Fannaråkhytta til øvre brekant følgjer ein T-merka sti mot Skogadalsbøen. Etter ca. 1-1,5 time møter ein eit skilt om breføring på 1700 moh. Her møter ein breføraren. Når ein skal vere med over breen frå Fannaråkhytta får ein med seg sele og evt. anna utstyr frå hytta. Normalt er me ved nedre mellom klokka 12-12.30, men det er heller ikkje uvanleg at me kjem ned enda seinare.