Påmelding med forhåndsbetaling er mulig via skjema her fram til to dager før dagen vi fører. Er det mindre enn to dager før breføringen, må du ta kontakt på telefon for å bestille breføring.
Turen frå Sognefjellshytta og over breen er den lettaste vegen til topps, då ein startar i 1430 meters høgde, medan dei andre turane startar på hhv. 850 og 950 meter.
Stien frå Sognefjellshytta er T-merka, sjå ruta på UT.no. Ver obs på skilting allereie ved hytta. Stien går fyrst langs vegen mot Turtagrø, og tar så av sørover (til venstre når ein kjem frå Sognsfjellshytta). Det er mogleg å havne på feil sti om ein ikkje følgjer litt godt med i starten, men det er skilta og merka godt. Rett etter kyssing av elva som renn ut i austsida av Prestesteinsvatnet, gå vestover (til høgre) og følg stia langsmed sørsida av vatnet. Ved nedre brekant møter ein breførar. Turen over breen tek normalt 1-1,5 timer. Deretter kjem ein inn på T-merka sti, og derfra er det 400 høgdemeter og 2 km til toppen. Alt mellom klokka 16.00-18.00 er normal tid å komme fram til hytta på toppen!