Ordførar Vebjørn Krogsæter inviterer til tur til Haram kommune sin høgaste fjelltopp, Blåskjerdingen (1061 moh).
Turen er om lag 7 km (t/r) og med 883 meter stigning.
Turen går frå parkeringsplassen ved fylkesveg 5970, like etter bebyggelsen på Krogsætra. Noko parkeringsmoglegheiter, vi oppfordrar til samkøyring dersom det er mogleg. Ta med mat og drikke.