Go Norsk Friluftsliv to main content
31. aug. 2024

Blåistur i Haugabreen

Mer informasjon
Image
IconSted
Haugabreen
Sunnfjord
Icon Tid
Kl. 08.00 - 18.00
Tur i blåisen i Haugabreen.

Det å gå med stegjarn, isøks og tau i ein blåisbre er ei spesiell oppleving. Tidlegare var det høve til å få seg ein tur i blåisen med guide både i Briksdalsbreen, Brenndalsbreen og  Bødalsbreen. Sistnemde var og i mange år nytta som kursbre for ulike brekurs. Ingen av desse breane kan lenger nyttast til turar grunna stor smelting.

Haugabreen i Stardalen, som er ein brearm av Myklebustbreen,  ligg noko høgare og er framleis ideell for ein tur i blåisen. Denne breen er «snill», som er enkel å kome inn på, og ein kan velgje å gå turar av ulik vanskegrad. Turen vi skal gå er ein enkel tur.

Breførarar møter ved Chatlet Sandane, og det blir felles avreise kl 08.00. Vi brukar ca ein time å køyre opp til parkeringsplassen ved Haugastøylen på ca. 600 moh. (Bompengar)

Vanligvis vil turen tur/retur Sandane ta ca 10 timar.

Det er max 20 deltakarar på denne turen.

Ikke medlem- kr 200.00 

Icon Oppmøtested
Breheimen med Jostedalsbreen