30.august - 1.september blir det dugnad på Longevasshytta. Ønsker du å delta er du velkommen til ei triveleg helg med arbeid og sosialt samvær. Kva arbeid som skal gjerast kjem vi tilbake til, men blant har vi som mål å beise hytta og tilhøyrande bygg, samt skifte ytterdør og dei små vidauga på vaskerom og toalett.
Turlaget tilbyr kostnadsfri overnatting og ordnar med mat til alle som melder seg på. Av den grunn trenger vi påmelding seinast mandag 26.08.
Fyll ut påmeldingskjema nedanfor. Vi vil gjerne vite kva kompetanse du har (vi treng både poteter, hobbysnekkarar og vaskebjørnar). Skriv gjerne om du kan bidra heile helga eller ynskjer vera med ein dag. Meir informasjon om dugnaden kjem når helga nærmar seg.