Sunnmøre friluftsråd feirar 50 år og inviterer saman med Giske kommune og Plastfritt Hav til aktivitetsdag på Gjerdesanden.
Vannsport, fisk på grill, strandrydding og sosialt samver!
Gjerdesanden ligg tett ved brua når du kjører frå Valderøya til Giske. På høgre side ligg parkeringsplass, som for dette høve er gratis. Stranda finn du rett nedom!