Oppmøte ferje Måløy - Oldeide 08:30

Oppmøte ferje Måløy – Oldeide 08:30

Turen startar når vi kjem fram til Svarstad der vi føl veien mot sendaren på Steinfjellet. Vel oppe på høgda dreiar vi vestover og set kursen for Vetvika. Etter ei stund kjem vi fram på kanten og ser vika ligg langt der nede med si krittkvite strand. Vi føl stien ned og tar ein pause på stranda. Her kan ein om ein ønsker fortsette turen ut i moloen og å besøke gravplassen eller ein kan slappe av og vente på returen. Her kan vi velge å gå samme veien tilbake eller gå inn dalen og opp ura. Vetvika er ein fantastisk plass med ei fleire hundre meter lang sandstrand omkransa av loddrette fjellveggar. Da vi vel å gå på denne årstida er det lite med sol på stranda men plassen er vel verdt eit besøk også når hausten er like rundt hjørnet.

Mer informasjon/påmelding
Kinn kommune
08:30
05.09.2021
Tor Magne Gangsøy
48955867
styreleiar.ynt@dnt.no
Google Map of 61.938175,5.1190053