Vi samkøyrer frå Voss. Avreise frå Holbergsplass kl 0745. Vi reknar med å vere tilbake på Voss rundt kl 19.

På vestsida av Sørfjorden, i grensa mellom Ullensvang og Odda: Hanakamb og Solvarden.

På andre sida av fjorden ligg kjente ruter som Trolltunga og Dronningstien. Færre kjenner til denne perla av ein tur. Ein vakker tur i variert terreng, blant isbre, fossar, blågrønt isvatn, skog, høgfjell og lyng. Dette er vestlandsnatur på sitt vakraste.

Vi startar ved kraftverket på Kvitno utanfor Odda, og i starten føl vi ein anleggsveg eit stykke oppover. Etter kvart tar vi av og fortset oppover på tydeleg merka sti. Vi kjem opp til Raundalsvatnet, og no kan vi nesten «ta» på Folgefonna. Vatnet er blågrønt og vakkert. Her tar vi ein pause og nyt synet av dette ville landskapet før vi går vidare og føl ryggen oppover mot Hanakamb. Vi kjem no over tregrensa, og landskapet opnar seg. Utsynet er formidabelt. På toppen et vi nista vår medan vi sug inn utsyn og inntrykk. For dei som vil bade, så er her fleire naturlege «badekar» som ein kan kjøle seg ned i etter den lange oppoverbakken på 1000 høgdemeter.

Etter pausen går vi ned kring 150 høgdemeter før vi får eit nytt løft opp på Solvarden. Dersom forhalda ligg til rette for det, så går vi ned til Måge slik at det blir ein rundtur.

Vi samkøyrer frå Voss. Avreise frå Holbergsplass kl 0745. Vi reknar med å vere tilbake på Voss rundt kl 19.

Påmelding innan fredag 11. september klokka 19. Betaling for køyring og turleiing.

Dette er ein krevjande og lang tur med mykje stigning. Det er viktig å ha gått fleire lengre turar med god stigning tidlegare på sommaren/hausten.

Turleiarar:
Bodil Atterås (41475381) og Toril Hunnålvatn (95923065)

Mer informasjon/påmelding
Voss kommune
07:45
13.09.2020
Bodil Atterås/ Toril Hunnålvatn
414 75 381 / 959 23 065
Google Map of 60.6283,6.4156439