I kveldinga på onsdag vert det ein liten tur med stolpejakt rundt Fitjar sentrum. Ordføraren arrangerer turen i samarbeid med Fitjar Idrettslag. Å driva stolpejakt med mobiltelefonen er ein fin måte å komma seg ut på, og det opnar for å komma til stader i nærmiljøet som ein ikkje har opplevd før. Onsdag kveld vil me ta ein tur på vel ein time for å jakta på stolpar, der nokre av deltakarane gjerne kjem til stader dei ikkje har vore før. Dette vert ein lett tur som vil passa for dei aller fleste, og det vert god tid til drøs og historieforteljing undervegs. Me startar vandringa frå parkeringsplassen ved Fitjar kyrkje kl. 18.00 på onsdag.

Slik kan dere markere Friluftslivets uke i skole, barnehage og SFO
5. – 13. september inviteres hele Norge til å bli med ut i naturen. Jobber du i skole, SFO og eller barnehage, og har lyst til å markere Friluftslivets uke sammen med barna? Her finner du informasjon om op...