Rema 1000 på Evja.

Torsdag er turdagen for deg som har fri på dagtid.

Har du fri midt på dagen – kom og bli med på formiddagstur.

Informasjon om deltaking på turar og arrangement i DNT i 2020 På grunn av koronasituasjonen for tida gjeld særlege reglar for kva omsyn ein må ta og kva den skilde må ta med seg på tur. Oppmodar om at alle må sette seg inn i dette før turen.

Meld deg på turen kvelden før. Send SMS med navnet ditt og mobilnummer til ein av dei fire kontaktpersonane. Vi registrer navn og mobilnummer på turdeltakarane. Dette er på grunn av krav til sporbarhet ved et eventuelt smitteutbrudd.

Kontaktpersonar:
Trygve Nybø 481 19 577, Astrid Breiland Eliassen 415 49 299,
Arnfrid Bergheim 481 23 163 og Hilde Bjerck Reksten 911 88 987

Turmålet blir bestemt same dag.

Alle som kan gå tur i terreng i 3-4 timer kan være med.

Avreise kl 10.00 frå parkeringsplassen ved Rema 1000 på Evja.

Møt opp med gode sko og høvelige klær, og ein liten termos for kaffepausen. Matpause kl 12.00.

Ta med ein sekk med ekstra klær, været kan skifte og niste.

Ønsker du å bli med oss på formiddagstur, men synes det er upraktisk å møte opp i Florø dersom du bur i Eikefjord, Norddalsfjord, Naustdal eller andre stadar – ring eller send melding til ein av oss fire kontaktpersonar seinast kvelden før for avtale om møtestad til dagens turmål.

Turlaget vil oppmode alle som er passasjer i privatbil på turane om å betale for transport: kr. 30 under 20 km og kr. 40 over 20 km, til sjåføren for drivstoff.

Turleiarane har raude turleiarvestar

Generelle vilkår for deltaking på turar i DNT

Har du turtips – ta kontakt med ein av oss.

Mer informasjon/påmelding
Stjørdal kommune
10:00
10.09.2020
Trygve Nybø
481 19 577
Google Map of 63.4691225,10.94245