parkeringsplassen på Liasetra

Store Brekketind var ein av favorittane til tindepioner C.W.Patchell. Han skal ha vore på toppen heile 19 gongar. Brekketindane ligg som ein taggete tanngard rundt Brekketindbreen. Store Brekketind er luftig og spanande, med utsikt mot som Jakta, Slogen og Smørskredtindane. Dette er ein tung topptur, med brepassering og klatring.

Vi startar på parkeringsplassen på Liasetra (Stranda) og går på sti inn Habostaddalen til foten av Brekketindane. Videre bratt oppover via Brekketindbreen (ca 1 km på bre). Siste del er luftig klyving, (grad 3) før ein kjem til toppen og kan nyte utsikta på 1579 m.o.h.!

Lengde 8.5 km, høgdestigning 1200 m. Vi vil vere på tur omlag 8-10 timar.

Turen går søndag 11. september, men blir avlyst dersom det er dårleg vêr.

Kven passar turen for:

Dette er ein tur med passering av bre; det vil bli brukt stegjern og isøks. Videre er det klyving og parti som er høgdksponerte. Deltakarane må vere kjend med å gå i taulag, bruk av stegjern og klemknute.

Naudsynt utstyr i tillegg til dagstursekk: Stegjern, isøks, klatresele, hjelm, 60 cm slynge, klemknute og skrukarabin.

Utstyr kan lånast av DNT Sunnmøre (utleverast fra kontoret i Kongens gate 17). Det er plass til 8 deltakarar på turen.

Mer informasjon/påmelding
Stranda kommune
09:00
11.09.2022
Marzin Krezeptowski
+4745055656
krzepta@gmail.com
Google Map of 62.3091141,6.9424091