Faleide. Parkering ved snuplass.

Tur i Den Tronhjemske postvegen med utgangspunkt på Faleide.
Turen går opp Naustbakken og forbi gardane Midtigard, Inigard og Utigard. På Utigard var det frå gamalt av postkontor, skysstasjon og tingstad. Vidare går turen forbi Faleide skulemuseum, opp bakkane til Vegtun der ein krysser Panoramavegen før ein fortset til Langeset og ut langs sørsida av Langesetvatnet til Skogtun og Myrhaug. Vidare på bygdevegen før ein ved Haugen tek av og går i skogen til Sindre. I Sindreøyane krysser vi tre flotte steinbruer.
Turen frå Faleide til Øyebakken er 10 kilometer med ein høgdeskilnad frå 0-215-100. Det er mogeleg å gå berre deler av turen. Da enten å returnere til utgangspunktet eller skaffe seg skyss tilbake. Dette er noke kvar enkelt må ordne. Det blir plassert ut ein bil ved Øyebakken for transport (av sjåfører) tilbake til utgangspunktet.

Mer informasjon/påmelding
Stryn kommune
17:30
04.09.2018
Bodil Dybevoll
90653025
bskogtun@hotmail.com
Google Map of 61.88905489938409,6.619669411230461