Oppmøtestad på Bjørkheim utanfor biblioteket kl. 11.30

Laurdag 12 september, i friluftslivets veke, inviterer me dykk til å ta ut syklane og bli med på rundtur i bygda!
Sykkelturen startar kl. 11.30 utanfor biblioteket på Bjørkheim. Bli gjerne med undervegs på vegen mot Tysse.

På den flotte Tyssekaien tar me ein pause, der det er mulig å låne fiskestenger og prøve fiskelykka. I tillegg har me sykkelservice, slik at du kan få ein kjapp kontroll av bremsar o.l. Vidare går turen til populære Gaupholm camping, der me tar ein liten stopp med omvisning. Kjekt for samningar som aldri har vore der.

På idylliske Utskot ventar Sandvik grendalag med aktivitetar og noko å bite i. Hugs pengar.
Antons nostalgiske kulturhistoriske senter har åpent frå kl 15, inngangspengar kr. 100,-. Born under 12 år er gratis. Sal av drikke/ enkel mat. Her må frivilligsentralen ha påmelding. Meld deg på, på tlf 56 58 74 57/ 40 40 76 33 / e-post: frivilligsentral@samnanger.kommune.no innan 11/9.

Vegen heim kan gå over Tveit om du vil. Lengden på turen kan tilpassast formen. Du treng ikkje innom alle «stasjonane», men vær obs på at Anton ikkje åpnar før kl. 15.

Alle må bruke sykkelvett – halde avstand, sykle etter kvarandre og unngå forbikjøringar. Bruk hjelm og gjerne refleksvest.

Primus motor Anne Lise Tøsse sykler heile turen frå Bjørkheim, via Tysse, Gaupholm og Utskot og heile vegen til Anton UANSETT vær. Tar du utfordringen? (PS. Ho har ikkje elsykkel!)

Mer informasjon/påmelding
Samnanger kommune
11:30
12.09.2020
Karina Liøen Frøland
56587457/ 40 40 76 33
frivilligsentral@samnanger.kommune.no
Google Map of 60.404032,5.723073200000001