Sørstrand Folkepark i Florø, Kinn Kommune

Fjordane Friluftsråd inviterar store og små til å vere med på markeringa av Friluftslivets veke på Sørstrand Folkepark i Florø frå kl 11:00-16:00. Alle er hjarteleg velkomne til å vere med på utforsiking i fjøra, aktivitetar på land eller berre nyte omgivnadane.

Dette vert ein dag proppfull av aktivitetar. Kanskje du vil låne ei fiskestang og prøv fiskelykka, klapp ei sjøstjerne eller utforske fjøra med ein marinbiolog? Her er det monge moglegheiter for deg.

Dersom det vert vær til det, vil vi fyre opp grillar. Då står du fritt til å ta med deg det du ynskjer å ete.

For ei eventuell smittesporing ber vi dykk reservere ein eller fleire gratis-billettar, slik at vi veit kven som var tilstades på arrangementet.

Meir info kjem her på Fjordane Friluftsråd sitt Facebook-arrangement for Sørstrand. Der kan du trykke «interessert» eller «skal» for å halde deg oppdatert.

Bilete: Firda

Mer informasjon/påmelding
Kinn kommune
11:00
04.09.2021
Anna Kobbeltvedt
92682917
anna@friluftsrad.no
Google Map of 61.5853197,5.041709299999999