Oppmøte: Laurdag 4. september kl. 10 ved Romarheim skue/grendahus

Nordhordland Turlag inviterar til Panorama Sognefjorden. Som namnet tilseier vert dette ei turoppleving med sjeldan flott utsikt og nedstigning til Sognefjorden.

Oppmøte: Laurdag 4. september kl. 10 ved Romarheim skue/grendahus.

Skildring av turen: Etter vi har parkert bilane i Romarheim vert vi køyrd opp til Åsebotn, øvst i Modalen. Herifrå går vi til Runderabben 1292 moh, høgste i Modalen. Derifrå til Norddalen Turisthytte for eit betre trerettars høgfjellsmiddag og overnatting. Neste dag/søndag ber det mot Sognefjorden. Først oppom Brydalsfjellet og så ned ryggen over Storekusen til Ortnevik. Ein lengre og nydeleg dagstur med mange høgdepunkt.

Turavgifta er kr 800,- for medlemar og kr 1200,- for ikkje-medlemar. Turavgifta dekkjer overnatting, uttak av proviant på hytta, trerettars høgfjellsmiddag og turleiing. I TILLEGG kjem skyssutgifter for minibuss (Romarheim – Åsebotn, Ortnevik – Romarheim).

Generelle vilkår for å delta på tur – må lesast av alle deltakarane: Les generelle vilkår // Bergen og Hordaland Turlag sine generelle vilkår for å delta på tur

Kart: Kart og turutstyr kan kjøpast i turinformasjonen i Marken. Rabatterte priser for medlemmer. Skriv gjerne hvilket kart som brukes på turen.

Mer informasjon/påmelding
Alver kommune
10:00
04.09.2021 – 05.09.2021
Nordhordland Turlag
41 16 39 08
nordhordland.turlag@dnt.no
Google Map of 60.72768276300355,5.643456946452874