Oppmøtestad og tid: Vi møtast ved brua på Helle kl 1000. Her er det bra med parkeringsplassar.

Alle har sett det majestetiske Hestafjellet som ruvar meir enn 800 meter over E16 mellom Stanghelle og Dale. No kan du vere med Vaksdal Turlag og vandre over heile fjellet frå Helle til Dalegarden. Ei storslått og spektakulær oppleving.
Oppmøtestad og tid: Vi møtast ved brua på Helle kl 1000. Her er det bra med parkeringsplassar.
Turskildring: Turen startar på merka sti i ei bratt og relativt lang stigning frå Helle opp til stidelet mot Storafjellet/Hestafjellet. Her har vi gjort unna omlag 550 av dei totalt 850 høgdemetrane totalt på turen. Vi tar av mot nordaust og fortsetjer oppover til varden på Hestafjellet sør. Her er det meste av stigningen gjort, og vi går vidare i eit kupert og variert terreng mot sjølve Hesten som ligg på 839 moh. Det vert ein god rast før vi startar på nedstigninga mot Krokavatnet og Brattreimstølen. Her kjem vi inn att på merka sti og følgjer denne langs Brattreimelvi forbi Flaskarhaugen og ned til Dalegarden. Totalt er turen på omlag 10 kilometer og 800 høgdemeter, det er god sti det meste av vegen, men terrenget er noko krevjande, så ein børe vere i grei turform for å legge i veg. Siste del av turen går bratt nedover, så for nokon kan stavar vere ei god avlasting. Totalt må ein rekne omlag 5 timar på turen.
Utstyr/klede: Sjølv om vêrmeldingane er gode, er det naudsynt med noko utstyr på turar i dette terrenget. Kle deg fornuftig med gode fjellsko. Pakk ein lett dagstursekk med:
Regntøy (jakke og bukse)
Ekstra skift med ullundertøy
Sokkar med mye ull og god passform
Fleecejakke eller ullgenser
Lue
Ullvottar eller andre votter som er varme sjølv når dei er våte
Litt toalettpapir i pose
Solbriller og solkrem
Liten kniv
Fyrstikker/lighter
Mat/godteri for dagen og drikkeflaske (ev. termos til varmt drikke)
Sitteunderlag
Det er ikkje naudsynt med påmelding, men ta gjerne kontakt med turleiar dersom du har spørmål om turen.
Vel møtt!

Mer informasjon/påmelding
Vaksdal kommune
10:00
05.09.2020
Roger Sandvik

Google Map of 60.565299012386006,5.75282467647638