Frammøte på kaien i Vik kl. 10.00. Felles køyring med privatbilar til Fosse på Vikafjellet.
  1. (NB! Endra dato til 12. sept. 2021)

Sundagstur på Fossfjellet, ned att til/og heimover den gamle stølsvenen Dueskardet – Fosse. Fin tur, i litt ukjent terreng.

 

 

Frammøte på kaien i Vik kl. 10.00. Felles køyring med privatbilar til Fosse på Vikafjellet. Største signinga på turen vert frå Fosse (950 moh) til varden på Fossfellet (1314 moh). Deretter er det lett turterreng sørover forbi Tverrelva, til meir ukjent terreng mot Dueskardet (forbi fleire vatn på denne strekninga). Ein bratt bakke ned til Dueskardet, her ser me også greitt ned til stølen lengre nede i Dueskardet. Heimover att på den gamle stølsvegen. I gamle dagar var denne også mykje brukt som ferdsleveg til Stalheim, via Brekkedalen. Kan henda må ein ta av skoa ved kryssing av Tverrelva. Vegen endar opp på Fosse. Ein helst lett tur på ca 14 km. Reknar med ca. 6 – 6,5 timar i roleg tempo, inkl. pausar. Sko – klede – mat for ein tur i haustfjellet. Spørsmål; turleiar Nils Gunnar Finne tlf. 91 51 31 17.

Mer informasjon/påmelding
Vik kommune
10:00
12.09.2021
turleiar Nils Gunnar Finne
91 51 31 17.
Google Map of 60.9118589,6.544035399999999