Båten går frå Fugleskjærskaia i Florø kl. 07.00. Møt opp i god tid for å registrere deg og få billett hos turleiar.

Båttur og fottur på øyane Hovden – Batalden – Skorpa – Kinn.

Det er korte og lette turar på kvar øy. Dersom du ønsker, kan turen bli meir krevjande om du går alle toppane. Du får med deg det meste av skjergarden utanfor Florø. Ei kulturvandring i kysthistorisk landskap.

Turen tek 12 timar. Du kan velge om du vil gå over toppane eller langs sjøen på alle øyane. For å få båttransporten mellom øyane til å fungere må det vere eit vist tempo på turane over toppane. Det er lettare turar for dei som ikkje vil gå over alle toppane.

Du kan gjerne ha ekstra klær, mat og drikke med deg som står på båten. Ha ein liten sekk med deg på turen over øyane. Husk å ta med godt med drikke og mat for heile dagen.

På Øyane Over kan du ikkje ta med hund .

Båten går frå Fugleskjærskaia i Florø kl. 07.00. Møt opp i god tid for å registrere deg og få billett hos turleiar. Husk å betal når du har fått bekrefta plass. Ved betaling i nettbank og på Vipps er det viktig å merke innbetalinga med namn! Du kan også betale på VIPPS til: Flora Turlag 554905. Husk å ta med kvittering.

Turleiarane har raud turleiarvest på.
Vi må ha min 40 påmelde

NB! Påmelding og informasjon innan laurdag 4 september kl 12.00 og er bindande:
Flora Turlag: Astrid Breiland Eliassen 415 49 299 eller
Arnfrid Bergheim 481 23 163

Indre Sunnfjord Turlag: Heidi Ødemark 980 32 513 eller
Kjell A Hjellbrekke 958 27 976

Siste retur frå Kinn kl. 18.30 tilbake på Fugleskjærskaia i Florø til kl. 19.00 – då båten skal inn i ordinær rutetrafikk.

På Øyane Over kan dei som vil gå langt, fort og høgt gjere det, men det er også mogeleg å ta det litt meir roleg. Rutealternativa på Øyane Over finn du på informasjonskrivet – vi kan ikkje tillate eigne rutetrasear. Dersom været eller andre forhold tilseie det, kan vi korte ned på turane og gjere rutendringar undervegs.

Informasjonsark til Øyane Over Viktig at du les denne informasjonen – Skriv det gjerne ut og ta det med deg! – Her kjem ny

Prisar:

Medlem i turlaget/DNT: kr. 650,00

Ikkje medlem: kr.750,00

Ungdom < 25 år med studentbevis kr. 570,00

Kontonummer: 3775 65 53268

VIPPS nummer: 554905 Skriv Øyane Over og navn på dei du betaler for

For at denne turen skal være trygg for deg og våre turlederne har vi praktiske tilretteleggingstiltak. Vi må begrense antall deltakarar og krev påmelding for å kunne delta. Vi føl DNT sin smittevernsinstruks for gjennomføring av aktivitet – DNTs smittevernplan for aktivitet 20 06 21 . Alle deltakarane har sjøl ansvar for å halde god nok avstand til andre turdeltakarar. Er du ikkje i form eller har forkjølelsessymptomer kan du ikkje delta, gi oss beskjed slik at dei på venteliste kan få tilbud om plass. Takk for hjelpen.

Generelle vilkår for turdeltakelse i DNT

Les meir om turane her – turane er beskrevne her, men på Øyane Over deler vi opp rutene.
Følg turleiarane og deira rettleiing. Velkommen på Øyane Over.

Turen på Hovden

Turen på Batalden

Turen på Skorpa

Turen rundt på Kinn – Sunnivaleia

Turen rundt på Kinn – gjennom Kinnaklova

Mer informasjon/påmelding
Kinn kommune
07:00
05.09.2021
Astrid Breiland Eliassen Arnfrid Bergheim
415 49 299 481 23 163
Google Map of 61.6016457,5.0290193