Båten går frå Fugleskjærskaia i Florø kl. 07.00. Møt opp i god tid for å registrere deg og få billett hos turleiar.

Båttur og fottur på øyane Hovden – Batalden – Skorpa – Kinn.

Det er korte og lette turar på kvar øy. Dersom du ønsker, kan turen bli meir krevjande om du går alle toppane. Du får med deg det meste av skjergarden utanfor Florø. Ei kulturvandring i kysthistorisk landskap.
Turen tek 12 timar. Du kan velge om du vil gå over toppane eller langs sjøen på alle øyane. For å få båttransporten mellom øyane til å fungere må det vere eit vist tempo på turane over toppane. Det er lettare turar for dei som ikkje vil gå over alle toppane.

Du kan gjerne ha ekstra klær, mat og drikke med deg som står på båten. Ha ein liten sekk med deg på turen over øyane. Husk å ta med godt med drikke og mat for heile dagen.

På Øyane Over kan du ikkje ta med hund – fordi det er sauer med lam på beite.

Båten går frå Fugleskjærskaia i Florø kl. 07.00. Møt opp i god tid for å registrere deg og få billett hos turleiar. Husk å betal når du har fått bekrefta plass. Ved betaling i nettbank og på Vipps er det viktig å merke innbetalinga med namn! Du kan også betale på VIPPS til: Flora Turlag 554905. Husk å ta med kvittering.

Turleiarane har raud turleiarvest på.

Mer informasjon/påmelding
Kinn kommune
07:00
06.09.2020
Astrid Breiland Eliassen
415 49 299
Google Map of 61.6016457,5.0290193