Frammøte på Holbergsplass kl 09.00 og attende ca kl 19.00. Busspengar kr 200.-/300.-.

Turen startar i Øvstedalen og går forbi Raudstølen og vidare inn til Kringsdalen på godt merka sti (Stølsturar 2021). Frå Horveistølane går ein på umerka sti på vestsida av fjellet Keisaren mot Blåtjørni, og fram mellom Blåfjellet og Slottet. Vidare går ein over Gråsida, med eit fantastisk utsyn over øvre del av Eksingedalen, mot Ljosvatnet og så vidare ned mot vegen på Nesheimsfjellet.

Dette er ein lang og krevjande tur som går i veldig kupeert terreng og delvis utanom sti. Gode fjellsko er naudsynt. Ta med rikeleg med drikke.

Kartblad: Norgeserien 10046 Modalen og 10038 Voss.

Turen vert berre gjennomført i godt ver.

Turleiarar: Olav H. Sognnæs 91787485 og Asle Nesheim 95931714.

Mer informasjon/påmelding
Voss kommune
09:00
12.09.2021


Google Map of 60.62828759656931,6.415648374639118