Oppmøte kl 16.30 på Haugland.

DNT Ung Kvinnherad arrangerer tur til Fjelly-hytta! Den 11-12. September må du pakke sekken, ta fram turskoa og bli med oss på ein flott overnattingstur til hytta Fjelly, ved Mannsvatnet i Uskedalen. Om du vil vere med på tur i flott terreng og fint haustvêr ilag med andre ungdommar må du hive deg med.

Vi møter opp på Haugland kl. 16.30 ved skogsvegen til Solfjell. Derifrå går vi opp skogsvegen og langs vatnet inn til hytta. Turen opp tek omlag 2 timar. Når vi kjem til hytta har vi planlagt fleire aktivitetar, mellom anna fisking, roing, padling og grilling. Vi ønskjer at kvar deltakar tek med eigen grillmat til kvelden. Laurdagsmorgon lagar vi felles frukost! Vi vaskar ut hytta og reknar med å vere nede igjen kring kl. 14.00. Vi gledar oss til tur, og håpar DU vert med! Påmelding her på nettsida. Når sola går ned og mørket kjem går vi inn i hytta, fyrer i peisen og samlast.

På lørdag et vi ein god frukost ca. kl. 10.00. Deretter pakkar vi sekken og tek turen heim igjen. Vi reknar med å vere tilbake til oppmøtestaden ca. kl. 14.00.

Dette er ein flott og enkel tur som passar alle. Det vil vere to turleiarar på turen som passar på at alle har det bra og får ein flott tur. Om du vil vere med på tur i flotte uskedalen ilag med andre ungdommar i fint haustvêr, må du bli med på denne turen.

Oppmøte kl16.30 på Haugland

Retur kl 14.00 Haugland

Kontakt Magnus Eide på tlf: 94821773 eller e-post: magnus.united@hotmail.com om du har spørsmål om turen

Pris: 50kr per pers. Vi kjøper inn mat og snacks til kvelden!

Turledere: Magnus Eide og Nils Magnus Berge

Pakkeliste:

Lett tursekk

Sovepose

Niste til fredag + egen grillmat. Det vert felles frukost på laurdagsmorgen.

Sko – helst vanntette, men det går fint utan.

Byteklede – i tilfelle regn. Elles kan det vere greitt med eit ekstra sett ull til å ha på seg om kvelden.

Ta utgangspunkt i DNT si pakkeliste for sommartur: https://www.dnt.no/artikler/turtips/7080-pakkeliste-sommer/

Mer informasjon/påmelding
Kvinnherad kommune
16:30
11.09.2020 – 12.09.2020
Magnus Eide
94821773
magnus.united@hotmail.com
Google Map of 59.92267905829967,5.900745697834084