Med utgangspunkt i Mørkrid/Hødnevollen kl 10.00, set me oss i buss eller bilar og køyrer til Fagredalen opp frå Fåberg i Jostedalen.

Fåberg – Arentzbu – Mørkrid.

Dei fyrste haustfargane skulle vera komne i høgfjellet no, og denne turen burde freista mange. Med utgangspunkt i Mørkrid/Hødnevollen kl 10.00, set me oss i buss eller bilar og køyrer til Fagredalen opp frå Fåberg i Jostedalen. Der startar fotturen i vel tusen meters høgde opp til Holmevatnet og vidare til Martedalsvatnet og ned i Rausdalen til DNT hytta Arentzbu. Denne etappen vil ta 5-6 timar og er heller lett.

Etter overnatting på denne sjølvbetjeningshytta går turen vidare forbi fjellstølen Fjellsli og ned i den vakre Mørkridsdalen med sine flotte stølar, elvar og fossar. Turen andre dagen vil ta om lag like lang tid, og på ettermiddagen er ein attende til bilane.

På grunn av skyss og overnatting krev turen påmelding på sherpa.
Meir info og pris kjem.

Turleiar: Marte Meland (474 14 157)

Mer informasjon/påmelding
Luster kommune
10:00
04.09.2021 – 05.09.2021
Marte Meland
474 14 157
Google Map of 61.5634181,7.6356457