Skyttarhuset ved Langevåg stadion kl 11.00 -> tur igjennom Veddemarka Grova ved Mausavatnet kl 13.00 -> tur rundt Mausavatnet, trillevennleg. Gamleskulen ved Mausavatnet kl 14.00 aktivitetar og servering.

I samband med Friluftslivets veke og StikkUT-maraton vil ordføraren i Sula i samarbeid med kreftkoordinator og folkehelsekoordinator invitere store og små til Ordførarens tur.
I år legg vi opp til ei rute i flatt terreng og startar ved Skyttarhuset i Langevåg, går via Gjølevatnet og Svartevatnet til Grova. Vi tar så ein runde rundt Mausavatnet og avsluttar på Gamleskulen, der blir det sal av kaffi og vaffel. Undervegs vil det bli aktivitetar, konkurransar og overraskingar. Dette vil vere ein tur for alle, då delar av turen er trillevennleg og ein vel sjølv kvar ein vil starte. Dei som ønsker kan sjølvsagt blir med på returen til Skyttarhuset.
Skyttarhuset kl. 11.00
Gjølevatnet ca. kl. 12.00
Svartevatnet ca. kl. 12.30
Grova kl. 13.00
Gamleskulen kl. 14.00
Hugs kle og fottøy etter forholda, første delen av løypa kan vere våt.
Av omsyn til smittervern ber vi dykk ta med eigen mat og drikke.
Vi tenker på din sikkerheit, hugs smittevernsreglar!

Sula kommune
11:00
06.09.2020
Renate Love
97024591
Google Map of 62.41679396046446,6.263005234411607