Turen startar i Traudalen. Det er bilveg til Ryggjastøylen.

Gå i Gloppe-fjella, nyt naturen og den storslåtte utsikta!

Turen startar i Traudalen. Det er bilveg til Ryggjastøylen. Turen er merka frå parkeringsplassen til Berdalsegga/Morafta. Motsatt veg frå Eikenes på Hestenesøyra til Eikeneshesten. I 2021 blir Nordfjordegga merkt i sin heilhet.

Når ein har fått høgda på Morafta er det kupert derifrå, men fint å gå. Dette er av den breie type egg. Dei som slit med høgdeskrekk kan få ei utfordring ned ifrå Eikeneshesten til Hestenesøyra, men dei fleste taklar turen fint.

Fin utsikt mot Sandane og Breim, med breen i bakgrunnen. Etterkvart som ein går utover Nordfjordegga ser ein 3 fjordar som møtast. Hyefjorden på venstre sida, Gloppefjorden på høgre og med Nordfjorden rett framfor seg. Å stå på Eikeneshesten å nyte utsikta mot Hyeneshesten og Gjegnen er og heilt spesielt.

 

Gratis for medlemmar, kr 100 for dei som ikkje er medlemmar.

Mer informasjon/påmelding
Gloppen kommune
09:00
12.09.2021
Jan Nik Hansen
41426679
Google Map of 61.7543726,6.0777968