6 min (3,3 km) Via E134 og Osnesvegen Fra Etne senter: Kjør mot norvest på E134 mot FV34 Skarpt til høyre inn på Osnesveien Hold til venstre for å holde deg på Osnesveien, stedet du skal til er på venstre hånd

Aktivitetsdag og #nattinaturen på Osnes laurdag 1. sept. Velkommen til eit arrangement for alle; barnefamiliar, ungdommar, einslege, par, unge i sinnet – bli med, dette skal bli gøy!

Arrangementet er gratis.

Frå kl 16:00: Ettermiddag i friluft med friske aktiviteter og matpause. Du kan læra kart og kompass, padla i kano, gå natursti og hiva/skyta på blink og endå fleire kjekke aktiviteter i det fri. Me har fyr på grill og bålpanner, og sørger for nytrekt kaffi og reint drikkevatn. Ta med grillmat/niste!

Frå ca kl 19:00: Dette er natta då «heile Noreg» skal sova ute i naturen! For dei som vil overnatta blir det kos rundt bålet utover kvelden og kanskje meir leik og aktivitet før me kryp i soveposane.

Frukost i lag søndag morgon før me pakkar i saman og dreg heim ca kl 11:00. Ta med niste til frukost!

Treng du låna telt, sovepose, liggeunderlag m.m. eller treng du transport for å komma deg til Osnes, ta kontakt med Solveig tlf 902 38 354, frivillig.etne@gmail.com.

PS: Føresette/vaksne har sjølv ansvar for barna dei har med seg.

Etne kommune
17:00
01.09.2018 – 02.09.2018
Solveig Kvamme
90238354/92149080
frivillig.etne@gmail.com
Google Map of 59.64973519999999,5.906344200000035