Vi køyrer frå Esso i Førde klokka 08

Skund deg, om hundre år er truleg breane borte! Ein leik i det fascinerande brelandskapet bør alle som er glade i norsk natur unne seg. Turlaget har alt du treng av utstyr, og turleiarar som kan føre deg trygt mellom sprekker og isveggar. Om du vil prøve å klatre i isen med klatreøkser og stegjern, kan du det og.
Start frå parkeringsplassen i Haugadalen, der det er ein liten time å gå inn til brekanten.
Vi køyrer frå Esso i Førde klokka 08 til Høyset i Stardalen, der vi tek av på bomvegen (hugs pengar) opp til Haugastølen i Haugadalen. Her samlast vi ca kl 09.
Det kan verte kaldt på breen, så ha gode varme klede, hanskar, hue, stillongs og gjerne ei ekstra varm jakke til å ta på i pausar. Det er viktig med fjellsko for å få stegjerna til å henge.
Dette er ein tur som krev godt ver, men det teng ikkje vere strålande sol.
Hugs å melde deg på innan fredag 4. september klokka 12 til turleiar Irene Befring tlf. 943 47 131.
Vel møtt til ein strålande dag i blåisen!

Mer informasjon/påmelding
Sunnfjord kommune
08:00
05.09.2020
Irene Befring
94347131
Google Map of 61.44975609999999,5.8616587