Kurset vert halde i Nordhordland i to ulike turområde lørdag og søndag.

– NY dato, kurset er flytta frå april til september 2021.

Nordhordland Turlag tilbyr ei kurspakke der du kan ta både DNT sitt ambassadørkurs (3 timar) og grunnleggjande turleiarkurs (15 timar) på same helga. Me legg opp til ei lærerik, sosial og gøy kurshelg! Utover DNT-medlemskap og at ein likar å gå tur lågt eller høgt, er det ingen krav om forkunnskapar.

Kurset starter fredag kl. 17 med teori og ein liten tur. Dernest følger eit tett program der det meste av kurset skjer utandørs. Kurset vert halde i Nordhordland i to ulike turområde lørdag og søndag. Det vert ikkje felles overnatting i kurshelga, og kvar deltakar reiser heim til sitt etter endt kursdag. Kurset har mange instruktørar så vi kan dele opp i mindre grupper, og legg til rette for å ivareta smittevern.
Nordhordland Turlag satsar på at fleire medlemmar og frivillige i laget tek turleiarutdanning. For å understøtte dette har styret vedtatt at alle medlemmar og frivillige i Nordhordland Turlag som gjennomfører turleiarutdanning i 2021, vil få dekka kursavgifta. Som frivillig reknast dei som både er aktive i turlaget og dei som vil verte aktive etter gjennomført turleiarkurs. Satsinga er avgrensa til 2021.

Andre DNT-medlemar må betale ei kursavgift på kr 2000,- Den inkluderar kursleiing, kart over turområda, handbok for turleiiar og to lette måltid utandørs.

I forkant av kurset vert det sendt ut informasjon om kurset og kursplan. I tillegg vert også alle deltakarane oppringt av kursleiarane.

Aldersgrense er 16 år.

Mer informasjon/påmelding
Arrangementet arrangeres flere steder
17:00
10.09.2021 – 12.09.2021
Nordhordland Turlag
41 16 39 08
nordhordland.turlag@dnt.no
Google Map of 60.5483281,5.287492299999999