Kom Deg Ut-dagen er eit arrangement der me ynskjer at flest mogleg kjem seg ut på tur. Pga restriksjonar på kor mange som kan samlast på ein plass har me valgt å sette opp rebusløype på 6 forskjellige stader i kommunen. Det vert turar både i sør, i midten og i nord. Turane er ikkje arrangerte og alle kan gå rebusløypa når det passar i løpet av dagen.
Her er plassane me setter opp rebusløype:
– Gløvrebu
– Ormhilleren *
– Trollskogen på Algrøy
– Idrettsparken på Straume *
– Sundskogen *
– Grana i Telavåg
(* passar for barnevogn / rullestol.)
Det blir premie til heldige vinnarar. Les meir om arrangementet på nettsida vår. God tur!
Mer informasjon/påmelding