Oppmøte er ved Fugleskjærskaia i Florø.

Båttur og fottur på øyane Hovden – Batalden – Skorpa – Kinn. Turen blir også i år saman med Indre Sunnfjord Turlag

Det er korte og lette turar på kvar øy. Dersom du ønsker, kan turen bli meir krevjande om du går alle toppane. Du får med deg det meste av skjergarden utanfor Florø. Ei kulturvandring i kysthistorisk landskap.

Informasjonsskriv til Øyane Over

Vi to turar: 27. mai og 2. september på Kom Deg Ut – dagen!

Informasjonskriv for Øyane Over Kom Deg Ut-dagen frå 2017

Turen tek 12 timar. Du kan velge om du vil gå over toppane eller langs sjøen på alle øyane. For å få båttransporten mellom øyane til å fungere må det vere eit vist tempo på turane over toppane. Det er lettare turar for dei som ikkje vil gå over alle toppane.

Du kan gjerne ha ekstra klær, mat og drikke med deg som står på båten. Ha ein liten sekk med deg på turen over øyane. Husk å ta med godt med drikke. Du kan ikkje ta med deg hund på Øyane Over.

Båten går frå Fugleskjærskaia i Florø kl. 07.00. Møt opp i god tid for å registrere deg og få billett. Ved betaling i bank er det viktig å merke innbetalinga med namn! Husk å ta med kvittering.

Påmelding og informasjon innan laurdag 2. september kl 18.00 og er bindande:
Flora Turlag: Astrid Breiland Eliassen 415 49 299 eller
Arnfrid Bergheim 481 23 163

Indre Sunnfjord Turlag: Heidi Ødemark – 980 32 513

Siste retur frå Kinn kl. 18.30 tilbake på Fugleskærskaia i Florø til kl. 19.00 – då båtane skal inn i ordinær rutetrafikk.

På Øyane Over kan dei som vil gå langt, fort og høgt gjere det, men det er også mogeleg å ta det litt meir roleg. Rutealternativa på Øyane Over finn du på informasjonskrivet – vi kan ikkje tillate eigne rutetrasear. Dersom været eller andre forhold tilseier det kan vi korte ned på turane og gjere rutendringar undervegs.

Prisar:

Medlem i turlaget/DNT: kr. 600

Ikkje medlem: kr. 650

Ungdom < 25 år med studentbevis kr. 550

Mer informasjon/påmelding
Flora kommune
07:00
02.09.2018
Astrid Breiland Eliassen og Arnfrid Bergheim
415 49 299 og 481 23 163
astrid.eliassen@heimtun.org
Google Map of 61.6017646,5.027687499999956