Frå stor parkering ved Bygdinstøga/Fagerstrand fylgjer du tydeleg sti opp på vestsida av bekken.

Fin topp med kongeleg utsyn vestover fjellsjøen Bygdin.
Frå stor parkering ved Bygdinstøga/Fagerstrand fylgjer du tydeleg sti opp på vestsida av bekken. Dette er same sti som mot Synshorn, men like før du kjem opp i Fagerdalen tek du av rett til venstre frå stien og fylgjer ryggen oppover i retning mot Mefjellet (du ser toppvarden nedanfrå).
I bratta innunder den steile austveggen held du ut mot venstre til det går an å gå/småklyve opp mot toppen. Lettast om du rundar nesten heilt ut mot sørsida. Turen opp tek om lag ein time.
For å få til ein runde kan returen leggjast nordover ryggen på Mefjellet og ned i eit markert skar søraust for eit tydeleg toppunkt (ca 1300 m). Akkurat i skaret ligg ei godt bevart fangstgrav (reinsgrav).
Vidare opp på og over det nevnte toppunktet, og så nedover mot nord og opp til ein merka sti oppe i dalen (ikkje innteikna på kart) og fylg denne austover på nordsida av heimre Fagerdalstjernet. Til slutt bratt ned att stien til Fagerstrand. Heile rundturen tek om lag 2,5 t, pluss pausar.
Start: kl 11.00 frå Bygdinstøga (etter å ha betalt for parkering).
Frist for påmelding (sjå kontaktinformasjon) seinast 4. september kl 22:00.

Mer informasjon/påmelding
Vang kommune
11:00
06.09.2020
Tor Harald Skogheim
996 90 793
thskogheim@gmail.com
Google Map of 61.33047229999999,8.794346599999999