Det er mogleg å nytte tre vegar inn til gapahuken: Frå bedehuset/Møllebrua, Kattatveit og Vatna.

Søndag 4. september er det klart for Den Norske Turistforening sin nasjonale turdag.
Barnas Turlag Stord-Fitjar inviterer til ein nydeleg dag ute i Stuvikjo (gapahuken ved Ådlandsvatnet). Ta med familie og venner og bli med på ein dag i friluft med kjekke aktivitetar og godt selskap.

I løpet av føremiddagen vil de mellom anna få høve til å padle kano, delta i natursti, balansere på slakkline, teste hengekøyer i skogen eller spikke med kniv.

Det vert servering av pølser, saft og kaffi.

Det er mogleg å nytte tre vegar inn til gapahuken: Frå bedehuset/Møllebrua, Kattatveit og Vatna. Registrering og utdeling av turtipp i krysset Kattatveit/Ådlandsbrua og like før gapahuken når ein kjem frå Vatna.

Bli med ut då vel!

Mer informasjon/påmelding
Stord kommune
12:00
04.09.2022


Google Map of 59.791491536101766,5.473475526369165