Møt opp ved Stadheimsvegen 84. Her er det parkering for dei som treng det.

Barnast turlag inviterer til safari på Stadheim!

Møt opp ved Stadheimsvegen 84. Her er det parkering for dei som treng det. Først får de helsa på nokre av dyra her oppe, blant anna alpakka og boergeiter. Og kanskje heilt nye kyllingar?

Deretter legg me i veg opp mot Tambsvegen. På veg opp vert det turquiz for store og små. Me går eit lite stykke nedover Tambsvegen til me kjem til Mulvegen.Eit lite stykke opp stien vil me sjå eit bål som ventar oss inne i skogen. Der får me pølser og saft, og kanskje ein liten premie til dei som har svara rett på quizen?!

Turen tilbake går ned Mulvegen til Neipe.

Dette er ein super tur som turvante barn på 4 år og oppover klarar heilt fint.

For å kunne laga ein god plan for opphaldet ber me om at de melder dykk på innan fredag 03. september.

Ta kontakt med Brita Helleland dersom de har spørsmål, enten på 99150867 eller via Messenger.

Mer informasjon/påmelding
Vik kommune
15:00
05.09.2021
Brita Helleland
99150867
brhelleland@gmail.com
Google Map of 61.07278059999999,6.601589600000001