Det frammøte i Esebotn med avgang kl 09.30.

Sogn sitt svar på Trolltunga er Keipen. Inst i Esefjorden ser ein rett opp på den særmerkte toppen. Dei siste åra har det blitt utført ei stor oppgradering av stien ved hjelp av sherpaer og ivrige turfolk frå Balestrand. Det frammøte i Esebotn med avgang kl 09.30. Vi går oppover til 650 moh, der stien deler seg. Her følgjer vi den nye sherpa-stien opp ura til Gulleple på 1100 moh med pause og flott utsikt over Sognefjorden. . Terrenget slakkar litt av no før siste kneika opp. Deretter over to snødekte parti ut på Keipen med vidstrakt utsikt over Sognefjorden og bygdene rundt og fjella på Gaularfjellet.

Det er lurt å ha med stavar til returen. Turen har ei lengd på 13km, med 1427 høgdemeter og varer 8-10 timar.

Turleiar Dag Nestegjerde ynskjer at dei som vil vere med må melde seg på. For dei som blir med frå Førde vil det kome informasjon om kontaktperson seinare.

Mer informasjon/påmelding
Sogndal kommune
09:30
04.09.2021


Google Map of 61.22925849491105,6.483714580535889